Siger for J14 i 1.divisjon premiere

IMG_4076J14 laget vann som kjent si avdeling i 2.divisjon i vår, og rykte dermed opp til 1.divisjon, der vi er eit av 10 lag no i haust. Vi skulle då få bryna oss på dei beste laga i Hordaland, og første motstandar var Søreide som endte på 6.plass i 1, divisjon i vår. Strålande vær og ei flott grasmatte på Rosendal Stadion skapte perfekte speleforhold, og når trenar Tor stilte i dress og slips låg alt til rette for ein strålande kamp.

Kampen starta jevnt, men vi såg at Søreide sleit med farten vår framover i banen, og vi skapte farlige situasjonar kvar gong vi spelte ballen i bakrom på raske angriparar.

Vi sat og venta på mål til Rosendal/Uskedal då Søreide fekk corner etter rundt 7-8 minutt. Den blei slått inn i feltet og traff uheldigvis i eit Rosendal/Uskedal bein før den trilla i mål til 1-0 leiing for bortelaget.

Jentene har i heile år vist fantastisk lagmoral og let seg heller ikkje denne gongen knekka av eit mål i mot. Med ei taklingsterk Ida Marie som ballvinnar og Silje i fint driv på vingen, tok vi tak i kampen og skapte fleire sjansar utover omgangen.IMG_4070

Etter rundt kvarteret kom endelig utteljinga. Ina vart spelt fri i midten og kom åleina med keeper. Istadenfor å skyta trilla ho ballen til venstre der Guro kom springande og sette inn 1-1 i tomt mål.

Jentene fortsette å spela fin fotball i første omgang, og 10 minutt før pause fekk vi hol på byllen igjen. Ein lang ball frå Eli havna i beina på Ina, som sprang frå forsvaret og sikkert sette inn 2-1 til side for keeper.

2 minutt før pause var det klart for kampens høgdepunkt, og nok ein gong med samme hovedrolle. Ei høg klarering framover landa i beina på Ina. Ho lot ballen spretta ein gong før ho knalla til med strak vrist frå 20 meter. Ballen gjekk i boge over ein sjanselaus keeper og det stod 3-1 til oss, noko som og vart pauseresultatet.

Søreide hadde nok fått ei skjennepreik i pausen, for dei tok tak i kampen frå start etter kvilen. Vi kom på mellomdistanse og vart pressa bakover, og det tok berre 5 minuttar før dei reduserte til 3-2. Bortelaget heldt fram presset, men ei god May Beate med hjelp av forsvaret gjorde at vi reid av stormen.

Søreide var svært nære utlikning med eit stolpetreff, før Sigrid heldt på å punktera kampen då ho knalla ballen i metallet bak Søreide sin keeper.

8 minutt før slutt fekk vi endelig senka skuldrene litt. Ina fekk ballen med ryggen mot mål inne i feltet, vendte flott vekk ein forsvarar, før ho sette ballen utakbart i lengste hjørnet for keeper til 4-2.

Etter dette gjekk lufta ut av Søreide laget, og vi hadde fleire store sjansar til å auka leiinga dei siste minuttane. Fleire mål vart det ikkje, men vi kontrollerte kampen inn til ein sterk siger i premieren vår i første divisjon.  Første omgang i dag var årsbeste, og det er nok dette nivået vi må ligga på skal vi hevda oss blant dei 10 besta laga i fylket. Neste laurdag reiser vi til Bergen for å møta Bønes, før vi søndag 4 september tek i mot puljefavoritt Voss i neste heimekamp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

10 − 9 =

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.