Siger i lokaloppgjer

Etter å har reist frå Fitjar forrige mandag med eit 2-0 tap i sekken var gutane rimeleg klare for å ta tre poeng torsdag kveld då Trio 2 kom på besøk.

Det er ein kjennsgjerning at det som skjer i garderobe og under oppvarming ofte gjenspeglar kva som skjer i kampen. Konsentrasjon og fokus på arbeidsoppgåvene var hovudtema før kamp, og sjeldan har fokuset på oppgåvene vore betre.

I strålande fotballvèr gjekk karane ut i 100 og etter bare 8 minutt kunne høgrebacken vår, Sander klinka inn 1-0, og bare 2 minutt seinare auka spissen vår Jonatan til 2-0. Ein strålande opneing av kampen der vi hadde slått rot på Trio sin banedel.

Trio heva seg etter kalddusjen og etter eit frispark som gjekk inn i vår 16 meter, reduserte dei til 2-1 etter litt klabb og babb. I denne perioden datt gutane våre litt nedpå og på overtid i fyrste omgang klinka Trio inn utlikninga og det stod 2-2 til pause.

I pausen måtte kapteinen vår, Ian, og målvakta Ola, få litt behandling. Heldigvis kom begge seg på beina att og var klare for å trø til i andre omgong.

I løpet av dei 8 kampane vi har spelt i vårsesongen har vi hatt haugevis med hjørnespark, men ikkje fått mål på eit einaste. Denne kvelden skulle det skje. Hjørnesparket kjem høgt på bakerste stolpe, der står Marcus og plassere ballen i mål med hovudet, flott skoring og endeleg skorar vi på hjørnespark.

Gutane får blod på tann etter skoringa og har full kontroll på kampen. 26 minutt inn i omgangen får Petter ballen på dryge 30 meter. Petter har ein temmeleg bra med krutt i skotfoten, og no var endeleg tida inne for å fyra på kruttet. Han klinkar til, det vart heilt stille blant dei 50 tilskodarane, ballen har fart, presisjon og stig i passeleg vinkel. Bang så bryt jubelen laus, ballen ligg så og seia klin i kryssen og vi er oppe i 4-2 leiing.

Bare fire minutt etter fastset Torstein O sluttresultatet. Han får ballen skrått til høgre for mål og skyt på direkten, ballen går i det næraste hjørna bak målvakta og stillinga endar med komfortable 5-2.

Alt i alt ein god kamp av oss, ballen går til tider hurtig og gutane spelar god fotball. Heimelaget har full kontroll på halve 1. omgang og heile 2. omgang. Trio 2 har kun ein god sjanse utanom dei to måla noko som vitnar om eit godt organisert heimlag, bra gutar!!

Desse starta:

Ola, Ian, Torbjørn, Sander (1), Mats, Torstein M, Torstein O (1), Petter (1), Tord, Marcus (1) og Jonatan (1).

Innbytarar:

Kristoffer, Sebastian, Lars, Trym, Viljar og Snorre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eighteen − 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.