Sletta 50 år gamal lagsrekord

Under eit friidrettstemne på Osterøy Stadion måndag kveld, sprang Sindre Solbakken Omvik sin fyrste 1000 m på bane, og sletta like godt Rosendal Turnlag-rekorden som har stått i heile 50 år (Thorleif J Hellesøy, 2,40,9 på Ålgård 1966).  Løpet vart vunnen av Tom Erling Kårbø, Stord IL Friidrett (årets Norgesmeister på 3000 m hinder), på 2,27,63. Sindre spurta inn til 2. plass og tida 2,28,86. Forutan å vera ny lagsrekord er tida også den fjerde beste i Norge på 1000 m i år. Sindre har sidan han satsa seriøst på friidrett i januar, overteke lagsrekordane på 1000 m, 1500 m og 3000 m.

Resultat og bilete kan du sjå her

Mange lurer nok på kor raskt eigentleg 2 min 28 sek og 86 hundredelar på 1000 m er. For å få eit lettare forståeleg bilete, så må Sindre då samanhengande springa:

2 1/2 x 400 m på 59 sek og 54 hundredelar eller
10 x 100 m på 14,89 sek eller
16,67 x 60 m på 8,93 sek

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

3 + twelve =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.