Stor trafikk til Melderskin


I samarbeid med grunneigar Stig Klette fekk Turgruppa i RT utvida parkeringsplassen på Kletta i vår.

Trafikken til Melderskin har auka monaleg dei siste åra, og etter at sherpastien vart bygd i fjor, ventar vi ytterlegare oppgang i talet gjester. På fine dagar har det vore altfor få plassar å parkera for folk som skulle til fjells.

Derfor var det naudsynt å utvida, sjølv om vi berre har fått plass til 8-9 bilar ekstra. Arbeidet vart utført av Leganger Maskin AS på ein strålande måte.

I førre veke var det igjen mykje folk på tur når finvêret endeleg kom. Onsdag 20. juli var det 90 stykke som skreiv seg inn i vardeboka, eit imponerande tal! På laurdag vart det registrert kring 60, dei aller fleste heimehøyrande utanfor Kvinnherad. Dermed vart parkeringsplassen igjen for liten. Turgruppa vil no sjå på moglegheitene for nye tiltak for å løysa endå betre opp i parkeringsfloken.Biletet er teke om ettermiddagen laurdag 23. juli.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × three =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.