Storsiger til A-laget

Rosendal A-lag tok i dag turen til Bergen for å spela seriekamp mot BI Bergen. Etter den enorme snuoperasjonen og sigeren sist helg mot Hovding, var herrane klare og motivert for å ta sin tredje strake siger mot studentlaget.

Bi Bergen stilte til start med kun 9 spelera, men vi har sett tidligare i fotball historien at lag med 10 og 9 spelara har beseira 11 mann, så det var eit stort fokus på at motstandard ikkje skulle undervurderast i minuttane opp mot kamp og at laget skulle ha fokus på sitt eige spel. Det klarte ein til gangs og det vart spel mot eit mål i samfulle 90.min. Dennis Gamst åpna målshowet etter 7.min, då han avslutta kontant i mål åleina med keeper. Marcus Såtendal auka til 2-0 etter 14.min med eit velplassert skudd frå kanten av sekstenmeteren. Etter 17.min scora Jarand Naterstad på straffe. Etter dette var det klart for Kenneth Gjuvsland show, han varta lika godt opp med 3 mål på 7.min!!, før Torbjørn Steinsvik runda av 1.omg med å setta inn 7-0.   I pausen vart det gjort eindel bytter og det tok ei stund før laget satt seg skikkelig, men det mangla ikkje på sjansar dei første 20.min av 2.omg, i det heile tatt eit under at det framleis stod 7-0 etter 65.min. Stolpane på Myrdal kunstgras står framleis å dirrar etter sjansesløseriet.

Men, endelig satt den igjen då Sander Myklebust på elegant vis tok ner ballen og sette den enkelt i mål. 8-0. Dei siste 20.min rant det inn 5 mål til signert av Jonatan Eskeland x 3, Jarand og Dennis slik at sluttresultatet vart 13-0.

I det heile tatt ein særs enkel siger i dag som burde vore større, men honnør til gutta for at dei kjører på med angrep etter angrep etter angrep.

Neste Lørdag står tabellnabo Matophen på motsatt banehalvdel i Rosendal, årets siste vår kamp før sommarferien. Kjetil og Kenneth er vekke til denne, men bredda og kvaliteten er no så god i troppen at vi har stor tru på ein ny siger. Vi treng allikavel publikum si støtte, så ta turen og hjelp oss til ei god avslutning før ferien.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 + ten =