Tilsetjing av Administrativ sportsleg koordinator

ROSENDAL TURNLAG  er eit tradisjonsrikt fleiraktivetsidrettslag med seks undergrupper, og eige trenings & trimsenter. Laget har omlag 450 medlemar, og fylte 115 år i 2016.

ROSENDAL TURNLAG SØKJER ADMINISTRATIV SPORTSLEG KOORDINATOR
Idrettslaget har fram til i dag vore drive på dugnad utan fast tilsette. Aktiviteten i laget aukar, og mange utviklingsprosjekt  er under planlegging, så styret vurderer no å tilsetja ein administrativ sportsleg koordinator i 50 % stilling. Auke i stilling kan verta vurdert når økonomien tillet det.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift og leiing av idrettslaget
  • Sekretær for hovudstyret og koordinator mellom styret, sportsleg utval og grupper
  • Rekneskapskontroll, budsjett- og rapporteringsansvarleg
  • Ansvar for årsmøtedokument, rapportar og informasjonsskriv
  • Ansvar for prosjektsøknadar og søknadar til aktuelle tilskotsordningar
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Fokus på medlemsverving, utviklingsarbeid, og nye område for auka inntening til laget
  • Planlegging/vurdering av etablering & drift av idretts-SFO
  • Samarbeida med eksterne aktørar (kommunen, Idrettsråd, Idrettskrets, Idrettsforbund m.m.)
  • Omdømmebygging og marknadsføring

Kvalifikasjonar:

  • Idrettsfagleg utdanning og/eller erfaring
  • Leiar- og styreerfaring
  • Erfaring fra kontrakts- og økonomistyring av prosjekt
  • Erfaring innan marknadsføring og kommunikasjon
  • Gode datakunnskapar
  • God norsk framstillingsevne, både muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Ryddig, velorganisert og dyktig administrator med stor gjennomføringsevne
  • Må trivast med å jobba sjølvstendig og samtideg vera flink til å jobba i team
  • Utadvendt nettverksbyggjar
  • Evne til å inspirera og ta vare på ildsjelene

Stillinga rapporterer til hovudstyret i Rosendal Turnlag ved styreleiar.

Arbeidsbelastninga vil vera noko ulik gjennom året, og ein del kveldsarbeid må difor påreknast.

Snarleg tilsetjing er ynskjeleg. Lønn etter avtale.

Søknad med CV på e-post til rosendal@folgefonn.net
Søkjarfrist: 31.07.2017

Kontaktperson:
Hovudstyreleiar Jostein Hatteberg mob. 489 94 213

 

Våre samarbeidspartnerar:

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

thirteen + 2 =