Tine Fotballskule 2018 – påmelding

26.- 28. juni er det igjen tid for TINE-Fotballskule på Rosendal Stadion.

Fotballskulen er for jenter og gutar fødd frå og med 2005 til og med 2011. Alle i den aktuelle aldersgruppa er velkommen til å melda seg på, uansett klubb.

Pris pr. deltakar er kr. 700. Istaden for søskenmoderasjon er prisen lik for alle i år. Prisen pr. deltakar er redusert med 50,- i forhold til forrige år.
Inkludert i prisen er to fruktmåltid og eitt brødmåltid pr. dag, ein god fotball og Tinepakke.

Fotballskulen startar klokka 09:00 og sluttar 14:00 kvar dag.

Påmeldinga må ha med mobil nr. og epost til ein føresett, samt fødselsdato på deltakar.

Påmeldingsfrist: 15.juni, eller ved 150 påmelde. Til info så stengjer påmeldinga automatisk når 150 har meldt seg på.

All påmelding skal skje via påmeldingsskjema du finn ved å klikke på knappen under. Påmelding er ikkje fullført før påmeldingsavgifta er betalt på Vipps eller til konto 3460 12 14298, merk innbetalinga med deltakarnamn (Vipps kan ikkje merkas, men der vil ein sjå namnet til den som betalar på rapporten).

Fyll ut alle felt:

Påmelding TINE-Fotballskule Påmelding TINE-Fotballskule

 

For meir info: Arvid Nes, mob. 48 22 80 26.

Helsing
Rosendal T.L. Fotball

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × five =