Tine Fotballskule 2019 – påmelding

25. – 27. juni er det igjen tid for TINE-Fotballskule på Rosendal Stadion.

Fotballskulen er for jenter og gutar fødd frå og med 2006 til og med 2012. Alle i den aktuelle aldersgruppa er velkommen til å melda seg på, uansett klubb.

Pris pr. deltakar er kr. 700,-
Inkludert i prisen er to fruktmåltid og eitt brødmåltid pr. dag, ein god fotball og Tinepakke.

Fotballskulen startar klokka 09:00 og sluttar 14:00 kvar dag.

Påmeldinga må ha med mobil nr. og epost til ein føresett, samt fødselsdato på deltakar.

Påmeldingsfrist: 15.juni, eller ved 150 påmelde. Til info så stengjer påmeldinga automatisk når 150 har meldt seg på.

All påmelding skal skje via påmeldingsskjema du finn ved å klikke på knappen under. Påmelding er ikkje fullført før påmeldingsavgifta er betalt på Vipps eller til konto 3460 12 14298, merk innbetalinga med deltakarnamn (Vipps kan ikkje merkast, men der vil ein sjå namnet til den som betalar på rapporten).

Fyll ut alle felt i skjema for påmelding.’

Påmelding Tine Fotballskule 2019 Påmelding Tine Fotballskule 2019

For meir info: Arvid Nes, mob. 48 22 80 26.

Helsing
Rosendal T.L. Fotball

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eleven + 16 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.