To spelarar frå Brann til TINE-Fotballskule

Då er det endeleg klart at fotballskulen får besøk av to brannspelarar på tysdag, i tillegg til vår eigen storspelar i Nest-Sotra, Johnny Furdal. 

Det er ingen «kven som helst» som kjem frå Brann. Ingen ringare enn midtbanegigant, og son til trenaren, Sivert Heltne Nilsen samt Øystese-guten Torgeir Børven tek turen til Rosendal.

Det såg lenge mørkt ut i høve besøk frå Brann sidan trenaren ikkje ville gje nokon fri ein heil dag. Heldigvis har vi ei fantastisk støttande bedrift i Palfinger Marine, som sponsar turen til brannspelarane med sjøfly til og frå Bergen, vi takkar dei for velviljen. Spelarane vert henta klokka 10:30 i Bergen og vil då vera på plass ei lita stund etterpå.

Dette vert stor stas for dei 152 elevane på fotballskulen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

18 + three =