Travel sommar for budeiene

Dei opne stølsdagane på Kjeldestøl er så populære at i år er tilbodet utvida til sju onsdagar i sommar.

Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei fire føregåande somrane. Budeiene vert difor til stades på stølen følgjande onsdagar: 26. juni, 3. – 10. – 17. – 24. og 31. juli samt 7. august. Nokre timar midt på dagen vil dei syta for lunk i omnane og ynska alle gjester og turgåarar velkomne.

– Dette er eit tilbod til alle, enten dei er fastbuande i Kvinnherad eller kjem til kommunen med vanleg bil, bubil, buss, sykkel eller båt. Vonleg vil mange nytta høvet til å sjå vakre Kjeldestøl, og gjerne smaka nykokt kaffi og våre vidgjetne mjelkekaker, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Sju sel

Kjeldestøl er no komplett med sine sju sel. Siriselet har stått der heile tida, medan venelaget har bygd opp att Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet, Kristiansselet, Peraselet og Torkjellsselet. I tillegg er det sett opp både utedass, ei sjykkje og ei hadletekkje, og i fjor kom også det store langbordet på plass. Venelaget har elles rydja fleire gamle stiar i området, ikkje minst den flotte Hauavegen som går frå Kjeldestøl til Nysetre og Hovda.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

Frå bommen på Bjørke, ovanfor kyrkja i Rosendal, er det om lag 1 times gange til Kjeldestøl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

9 + nine =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.