Tredje strake for G16

G16 stormar vidare i serien. Forrige kamp vann vi heile 18-2 i niarkamp borte mot Moster. I går kom Njardar/Tysnes 9ar på besøk og sjølv om heimelaget hadde ein litt dårlegare dag på jobb enn vanleg så vann vi med komfortable 10-5.

Spelet på grasbanen bar preg av at det var fyrste kamp på våt grasmatte, upresise passningar gjorde at vi ikkje heilt fekk fram det spelet vi veit gutane er gode for. Likevel har vi full kontroll på kampen og vi produserar mange sjansar når vi får ballen til å gå. Njardar/Tysnes spelte lange ballar mot bakrommet vårt, men forsvaret vårt vann duellane og rydda opp. På 2-0 til Rosendal fekk likevel bortelaget ein sjanse og reduserte. Det tok likevel ikkje lange tida før heimelaget auka leiinga og til pause var stillinga 4-1 til heimelaget.

I og med at enkelte spelarar vil bli brukt i fire kampar denne veka så var dette ein kamp vi ville spare litt på kruttet. Vi hadde med oss seks G15 spelarar i kampen, og i pausen gjorde vi eindel bytter. Andre omgang starta og gutane tok kommandoen frå start til slutt. Njardar/Tysnes fekk nokre enkle mål, men heimelaget putta heile seks mål i omgangen og vi vinn fullt fortent 10-5. Njardar/Tysnes skal ha skryt for å aldri gje opp, dei stod på frå start til slutt.

På ein litt lurvete dag er dette eit godt resultat. Gutane ligg øverst på tabellen med 9 poeng og med heile 34 plussmål. Målet vårt i år er sjølvsagt å vinne pulja og spele kretskampar i haust.

Desse var med på kampen, mål i parantes:
Ola, Torstein, Kristoffer (1), Sander S, Tord Aa, Tord G, Nikolai (1), Sander M (1), Marcus, Jonatan (3), Bashar, Martin, Sebastian, Trym, Snorre (2) og Jeppe (2).

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × one =