Ubesigra i serien

Gutane på G16 avsluttar då vårsesongen 2017 ubeseira. Dei har stått på i heile år og det viser seg at både det å trene med a laget, og dei harde kondisjonstreningane gjer særs stor forskjell på banen.

Vi starta kampen med ein del sjangsa som vart sløst vekk, og i tillegg eit offsidemål før Trym Guddal banka inn 1-0. Då fekk gutane eit lite løft og vart svoltne på meir. Dette skulle vise seg å vere starten på eit målshow uten like. 11 minutt ut i kampen set Snorre Søllesvik inn 2-0 før Sebastian Kirknes smell te på direkten frå midtbanen, herlegt forarbeid av Sander Myklebust.

Njardar/Tysnes fortsett å presse høgt, dette har lite å sei for Rosendal gutane då Jonatan får ein høg ball som han dempar rolig på brystet, før han plasserer ballen i hjørnet til 3-0. 14 år gamle Nicolai Nistad har vist g16 denne sesongen at han er meir enn god nok på midtbanen, både når det kjem til det defansive og offansive. Han er våken på returane og skårar det sisste målet i 1. omgong.

Njardar/Tysnes har hatt sjangsar men det er bare blåbær for keeper Kristoffer Hauge(14), reint bur til pause. 2.omgang startar dårleg for Rosendal og vi slepp inn 2 mål på grunn av mangel på kommunikasjon. 51 minutt ut i andre omgang får vi igjen sjå herleg forarbeid av Sander Myklebust før Sander Simensen puttar Rosendal sitt 6.

57. minutt, Kristoffer Tangstad dreg av Njardar/Tysnes spelarane på kanten før han slår ein hard og låg gjennombrudspasning som Snorre snappar og set i nettet.

Ut i andre omgang får Øyvind Næs (13) sin debutt for G16, dette håndterar han fint mot dei sterke motspelarane på midtbanen. 69 minutt og Snorre fullfører hattricken sin ved å smelle inn eit herleg skudd med venstre foten. 71 minutt og Tord Aarseth vil og vere med på skåringslista, han fyrer av ein hard halvvolley som keeper ikkje har sjangs på.

Stillinga ender til slutt 9-2 og det vil seie at Rosendal går ubeseira gjennom heile sesongen.

Dette var spelarane som var med, mål i parantes:

Jonatan Eskeland(1), Torbjørn Næs, Sebastian Kirknes(1), Sander Myklebust, Kristoffer Hauge, Tord Aarseth(1), Trym Guddal(1), Sander Simensen(1), Snorre Søllesvik(3), Øyvind Næs, Nicolai Nistad(1), Kristoffer Tangstad og Tord Guddal.

Vi takkar og Petter Boot som deltok som flaskebærar og ihuga supportar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 × three =