Ver med i Fjelltrimmen, du òg!

Det er framleis mykje snø på toppen av Melderskin, men varden er no kome heilt fram i dagen. (Foto: Morten Nygård).

Det er framleis mykje snø på toppen av Melderskin, men varden er no kome heilt fram i dagen. (Foto: Morten Nygård).

Det er klart for ny sesong med klippeturar i fjellheimen kring Rosendal. I år er det 38. gong fjelltrimmen vert arrangert. For å fullføra må ein vitja Skålafjell (501 m), Malmangernuten (890 m), Nordlifjell (972) m), Skeisfjell (1037 m) og Melderskin (1426 m), skriva namnet i vardebøkene, klippa i kortet og levera det innan 1. november.  P1010053

Turane passar nær sagt for alle aldrar. I tillegg til den fantastiske naturen, kan ein sjå dei imponerande sherpatrappene på Melderskin og Malmangernuten (vert bygd no i mai og juni).

Fjelltrimkort er i sal hjå Rosendal Sport. Korta skal leverast inn same stad, eller til fjelltrimansvarleg Laila Hovland.

Velkomen til fjelltrim, og god tur!

Helsing Turgruppa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 − 2 =