0 baklengs og 12 framlengs
Gutar 14 spelte bortekamp mot Halsnøy tysdag kveld. Dette var haustsesongens fyrste sjuarkamp, ein kamp vi dominerte fullstendig. Til pause stod det 4-0, gutane hadde eit lass av sjansar, men å putta i sjuarmålet var litt uvant. I pausen bestemte vi oss for å køyra på, og vi skulle ikkje sleppe inn mål. Dette gjekk fint, Ola i mål ordna opp i kontringane som kom, og forsvaret rydda resten.
Rosendalsgutane var flinke til å spela ball og Halsnøy vart trøtte av å springa mellom heile tida. Dette enda med 8 scoringar i andre omgong og det enda då med 12-0.
Kampen var i det heile godt gjennomført, og underteikna er veldig nøgd med at vi ikkje slapp inn mål i sjuarkamp!
Desse var med (mål i parantes):
Ola, Torbjørn (3), Sander (2), Jonatan, Torstein (1), Tord (2), Jaran (1), Kristoffer (1), Harald, Stian (1), Marcus (1).