1.runde i kretsmesterskapet for vinnere av 2.divisjon.

Alt låg til rette for ei god oppleving heima på kunsten lørdag formiddag. Perfekt fotballvær med opphold og heilt vindstille. Det var kun ein stor spenning som hang i lufta like før kampen, som vi visste ville kunne bli avgjort på flest cornere og etter evt. ekstraomganger. Vi var klare for å fortsetta frå sist kamp, kun med nokre enkle justeringar. Motstandar Trott stilte som favoritt i dag etter å ha med seg erfaring frå spel i 1.divisjon for ein sesong sidan, og med seier 8-0 mot vårt lag sist dei møttes. Men kvar kamp lever sitt liv, og det gjorde virkelig denne kampen også.


Kampen starta med eit høgt tempo og med to lag som begge viste frå første stund at dei ville vinna denne kampen. Trott-trenarane jubla høglytt og lenge for det dei trudde var 1-0 scoring, etter eit skudd som dundra på innsida av stolpen og ut på motsatt side, men heldigvis på rett side av mållinja. Men Trott-spelarane hadde i alle fall fått «blod på tann» og dundra inn 1-0 på eit godt skudd kun 7 minutter etterpå. Etter dette var det mykje godt spel frå begge lag som var godt defansivt organisert og derfor ikkje gav rom for dei store målsjansane. Trott var nærmast etter klart flest cornera og nokre farlige dødballer, men vi jobba heroisk i forsvarsspelet og Keeper Olav hadde fleire gode redningar, der han fekk fista ballen like over tverr. Det nærma seg pause og vi trengte minst eit mål, då Trott leda klart på cornere og med det hadde eit visst overtak. I det 28. minutt kjem ballen i retur frå klarering på ca 25 meter, litt ute på høgre sida. Der tar Mathias ein besluttsom 1.touch og eit endå meir besluttsomt skudd som fyk som eit prosjektil i lengste hjørne forbi ein Trott-keeper i full strekk: pang i stolpen og inn. Eit stjernetreff som gav oss eit viktig løft inn mot pausen, som blei brukt til å minna om at no var det kun fokus på å scora flest mål som gjaldt, for Trott leda soleklart på antall cornere. 

Gutane var våkne frå start i 2.omgong og det var kun gått 20 sekund då Marius slo støtte til Mathias, som igjen spela opp til førstnevnte, som slo videre til Håvard på topp, som igjen på elegant vis fyrte av på volley med venstre foten, godt til side for keeper og sjokkåpning for Trott, som plutselig var komt på etterskudd. Men dei spela tolmodig og med stor sjøltillit , då dei visste at dei produserte mange cornera, dødballar og med det mange målsjansar. Til tider var det tøft å henga med i svingane når gode Trott-gutar lot ballen gjera jobben og spela raskt gjennom ledda våre, men med god organisering, arbeidsmoral og vilje til å vinna, så gav vi ikkje opp. Cup er cup, det fekk vi merka, etter 9 minutt var Trott plutselig videre i kretsmesterskapet, då dei dundra inn eit nytt langskudd nede ved stolperota, og det stod 2-2 og Trott fortsatt leda soleklart på antall cornere. Vi kunne ikkje gje oss no, sjølv om det var tungt å holda oppe intensiteten. Jonas Are fyrte av frå høgre kanten etter 10 minutt, men dessverre litt til side for mål. Trott hadde ball som traff tverr etter dødball etter 14 minutt. Håvard fyrte av eit farlig skudd etter 24 minutter. Det begynte så smått å sjå litt svart ut, med eit Trott lag som hadde vel så mykje krefter som oss på slutten og med problemer med å skapa dei heilt store målsjansane. Veldig irriterande å skulle ryka ut på færre antall cornere. Men sjå der, vi klarte å tyna ut dei siste kollektive kreftene våre og endelig tvinga dei til å gje corner, med kun 3 minutt igjen å spela. Då var det opp i boksen med alle over 1,60 meter på strømpelesten, og Trott-spelarane fokuserte naturlig nok mest på dei største og kraftigaste. Men dei oversåg ein litt mindre spelar (Mathias) som kom som lyn frå klar himmel bak den beste Trott-spelaren og fekk dundra ballen i netttaket før han fekk klarert : yes, vi var plutselig videre i kretsmesterskapet igjen, men kva er det dommaren gjer: han viser 3 fingre i lufta og seier at han har lagt til 3 minutt. Kor lenge har han tenkt å pina oss ? Er han ikkje heilt god ? Jo, han var faktisk veldig god, dommar Hans Inge Myrvold. Men det beste han gjorde var når han etter ei fryktelig lang tid, endelig blåste for siste gong: Yes, fantastisk gutar, dette har dåke fortjent, for ein innsats og for ein utvikling dåke har vist. No er det semifinale på bortebane tysdag 13.november, og då må målet vera som sist: fortsatt heva oss eit hakk. Vi har ei heil veka å trena på det, så det skal gå bra !
Åsmund, Åge og Yngve.