2 tap for Lillegut 11 mot Odda

Torsdag 20 mai hadde vi besøk av Odda kvit, og etter 2 sigrar og 1 uavgjort i dei første kampane trudde gutane på ny siger mot Odda. Det viste seg fort at det skulle bli vanskeligare enn vi trudde. Ballsikre oddingar varte opp med flott pasningspel frå start, og vi hadde meir enn nok med å henga med i svingane. Sjølv om Odda hadde spelet var det Rosendal som tok ledelsen. Måltjuven Ian fortsette der han slapp i dei forrige kampane, og sette inn 1-0 tidlig i første omgang.


Odda kvit utlikna like etter, og gjekk også opp til 2-1, før Kristoffer utlikna til 2-2.
Det skulle bli to mål til før pause, men uheldigvis var ingen av dei til oss, og Odda kvit leia dermed 4-2 til pause.

2. omgang vart målfattigare, men dei unge sørfjordingane var svært gode på kontringar, og gjekk opp til 6-2, før Ørjan avslutta scoringane for dagen med eit flott skot frå nesten død vinkel, til sluttresultat 6-3.

Årets første tap var dermed eit faktum, i ein kamp der vi vart mest imponert over det flotte pasningspelet til det unge Odda laget.

Torsdag 27 mai var vi til Odda for å møta Odda raud for andre gong i år.
Uheldigvis vart vi ståande nesten ein time i kø og venta på vegarbeid, og kom ein halv time for seint til kampstart. Dette medførte at når vi endelig var framme var det berre å setta i gong kampen med ein gong.

Kampen bølgja fram og tilbake i første omgang før vi fekk ein 5 minuttars black-out der Odda laga 3 raske mål . Torgeir sendte så avgårde eit langskudd som keeperen til Odda så vidt fekk fingrane på før han gjekk over ende, og Ian fekk ein enkel jobb med å setta inn 3-1 i det tomme målet. Dette resultatet heldt seg også til pause.

I andre omgang scora Odda raud eit tidlig mål, og det kunne sjå ut som om kampen var avgjort. Då lada Ørjan skuddfoten nesten frå midtbanen og knalla inn 4-2, og då Kristoffer sette inn 4-3 etter corner var det full spenning igjen.

Uheldigvis blei vi litt for offensive i tankegangen i iveren etter å få utlikninga, og to gonger på rad kontra Odda raud inn mål på oss etter at vi hadde laget oppe på hjørnespark.

Kristoffer reduserte nok ein gong til 6-4, men fleire mål vart det ikkje, og vi måtte reisa heim med tap etter ein jamnspela kamp.