286 spelarar på minicup!

Det var eit yrande liv på kunstgrasbanen og grasbanen frå klokka 11 idag og fram til 16. Rundt 1000 personar var nedom stadion og spelte eller såg på kamp.


Folk såg ut til å kosa seg sjølv om været kunne vore varmare. Rundt 140 kampar vart spelt og det vanka diplom og premiar til alle spelarane. Grenda var medsponsor på t-skjorter og Sparebank1 Kvinnherad sponsa lommebøker. Men grunna mange fleir spelarar enn venta så er det nokre spelarar som få t-skjorte når vi får trykt opp fleir.

Leiar i fotballgruppa, Kjell Ove Underhaug vil takke alle for ein flott jobb med gjennomføringa av dagens miniturnering. Takk og til alle spelara, leiara og publikum. Det er lenge sidan det har vært så mykje folk samla på stadion. Synd at ikkje «rådmannsvelde» og politikarane tar turen og ser den store aktiviteten.

Klikk her for eindel bilete