3 poeng til Rosendal

Herrelaget spelte i kveld kamp mot Bremnes. Ein viktig kamp i både for heimelaget og bortelaget. Etter ein mållaus og tam første omgang vart det litt meir trøkk i heimelaget i andre omgang.


Men likevel var det Bremnes så var farlegast frampå, men nok ein gong sto Frank glitrande i mål. Like før slutt greide likevel Bremnes å putta eit mål. Då såg det mørkt for heimelaget.

1 minutt på overtid fekk Rosendal frispark frå 25-30m. Trenar, Ivar B Arnesen, hadde entra banen nokre minutt før og gjorde seg klar til skot. Skotet plasserte han hardt og godt bak Bremnes-målvakta og stillinga vart 1-1.

Bare eitpar minutt etter kjem eit innlegg frå venstre, Yngve Enes går på ball og lobbar nærast ballen i mål bak ein utspelt målvakt. Dermed vinn Rosendal kampen 2-1 og rykkjer ein plass opp på tabellen, to poeng føre Osterøy og to poeng bak Bremnes. Godt jobba gutar!!