3. serierunde for G16

Rosendal sitt gode G16 lag mønstra til kamp borte mot Trott 1 forrige torsdag. Trott har eit godt fyrstelag, og vi var forberedt på ein tøff kamp. Trott kom best igang og gjekk opp i leiing 1-0. Det var ein kamp med mange duellar, men likevel ein fin kamp utan stygt spel. Det einaste gule kortet vart tildelt Trott etter at Sondre Eskeland vart felt i godt driv utanfor 16. meteren.


Det gjekk ei stund ut i 1. omgong før Rosendal kom skikkeleg i gang, vi var farleg frampå eitpar anledningar med Simon på løp, men Trott var gode deffensivt og mannsterke nok til å markera spissane våre. Men etter massivt press frå gutane klarte vi å utlikne med eit flott mål av Håvard Furdal. Vi stoppa ikkje der og auka rett før pause til 2-1.

I pausen snakk vi litt om å ta litt meir tak i duellane og prøve å slå meir i bakrommet til Trott. Det byrja bra og etter flott spel auka Sondre Eskeland til 3-1 for Rosendal. Dette angrepet var det høg klasse over.

Trott tok meir og meir over midtbanespelet og var flinke til å spele vidare opp til spissane sine frå kant. Det var til tider massivt press mot oss og Trott fekk sin etterlengta redusering 2-3.

Presset fra Trott vart ikkje mindre av den grunn. Vi hadde våre sjansar på slutten til å punktera kampen, men det ville seg ikkje heilt denne gongen. Stolpeskot i krysset fra Sondre, stolpeskot fra Simon, Simon aleine med keeper på 5 meteren, Henrik Bauge med stor sjanse etter innlegg frå kant. Så fem minuttar på overtid fekk Trott inn eit godt skot frå 20-25 meter. Skotet enda i mål og 3-3 til stor jubel blant Trott sine tilskodarar. Eg er godt nøgd med innsatsen til våre spelarar i dag, teknisk sett så hadde vi meir å gå på, men innsatsen var upåklageleg.

Vi får nok ein tøff bortekamp i neste serierunde mot Stord 2 om 14 dagar.
Tross alt så har vi med oss eitt poeng frå bortekamp mot eit sterkt Trott lag.

Målskorarar:
Håvard Furdal 2, Sondre Eskeland 1

Eit gult kort til Trott.

Desse var med på kampen:
Cato Miljeteig (keeper), Marius Myklebust, Aleksander Fredheim, Kurt Raymond Jegteberg, Johannes Guddal, Håvard Furdal, Sondre Eskeland (kaptein), Vegar Bauge, Hans Fredrik Zimmer, Jakop Tveit og Simon Korttila.
Innbyttarar:
Henrik Bauge, Hermund Døssland og Mats V. Olsen

Raymond Olsen
Trenar G16