4 på rad for Lillegut 11
Lillegut 11 laget fortsetter med storspelet, og på torsdag var det Odda raud som fekk unngjelda på grasbanen i Rosendal. Kampen starta forsiktig, men vi tok snart grep om kampen og rulla opp det eine angrepet etter det andre utover i omgangen. Utteljinga stod ikkje i stil noko vinden og må ta litt skulda for. Etter å ha brent fleire 100% sjansar løsna det endelig 5 minutt før pause då Ian banka inn 1-0 frå nesten død vinkel.
Samme mann var på farten like etter, snappa opp ballen etter ubesluttsomt spel av Odda, og trilla enkelt inn 2-0. Kristoffer avslutta omgangen med å skru eit hjørnespark direkte i mål til pauserseultat 3-0.
Om det var sjansesløseri i første omgang var det ingenting mot kva som venta etter kvilen. Kristoffer og Torgeir auka til 4-0 og 5-0, men det store spørsmålet utover i omgangen var om Kristian skulle klara å få ballen i mål. Etter fleire stolpetreff og utallige andre sjansar som strauk utanfor, klarte han endelig å få lurt inn 6-0 målet til stor jubel frå sidelinja.
Odda kom igjennom ein gong og reduserte til 6-1, før Kristoffer avslutta målkalaset med å banka inn sitt tredje for dagen til sluttresultat 7-1.
Alt i alt var det ein svært bra kamp av oss, og forsvaret med Espen og Olav i spissen var bunnsolid.
Neste kamp er heime mot Halsnøy 23 september, og vi håpar på masse folk til den kampen og.
Erlend
Tekst/foto: Erlend Bøyum