5. serierunde for G 16

Heimekamp mot Solid på den flotte grasbanen i Rosendal. Kampstart kl 18.30 31.05.
Litt sur nordavind, men ikkje nok til å leggje noko dempar på kampen. Spennande oppgjer blei det, strengt teke i meste laget.


Vi kom best i gong og fekk fyrste målet då Simon Korttila fekk kome i bakrom åleine med keeper. Men vi sleit veldig med å få til vårt eige spel i denne kampen. Det var mange dårlege pasningar og lite initiativ rundt ballførar, og det gjorde at vi slo mange støttepasningar bakover. Solid var aggressive på midten, og var gode til å låse av høgt på vår banehalvdel. Vi klarte innimellom å få til noko av det vi kan og har terpa på, og då var det gode tendenser, særleg på venstrekanten hadde Hans Fredrik fleire gode innlegg, men det blei ikkje så ofte som vi helst skulle sett. Vi har heldigvis ein veldig god bakrommspiss som kan avgjera ein heil del åleine, forutsett at ballen blir spelt i bakrommet vel og merke. Då vi ikkje klarte å kome igang med spel på midten, blei det slege ein del lange ballar framover. Simon Kortilla var nok ein gong frampå og vi auka til 2-0. Solid var best på midtbanen og hadde flere gode forsøk på kantane. Kurt Raymond Jegteberg og Tobias Frislev hadde flere gode duellar som fort kunne endt med mål for Solid. Og utteljing vart det, Solid fekk 2-1 redusering ca. 10 minutt før pause.

I pausen snakka vi om å prøva å få til meir spel på midten og kome meir på løp, diagonalt og i blindsonar. Vi skulle halda fram med å slå stikkarar fram i bakrommet, men kome meir kollektivt i angrep, noko som ikkje var kampbilete fra fyrsteomgongen.

Solid hadde også hatt litt pepptalk i pausa, og hadde tydeleg lyst å få poeng med seg heimover. Dermed var grunnlaget for 2. omgongen sett. Begge lag med sjansar, men Rosendal fekk utteljing med ein god Simon Korttila (banens beste), han skal og ha skryt for dei gode deffansive løpa i denne kampen, strålande.

Stillinga var 3-1, men som trenar var eg langt i frå roleg på sidelinja, litt i overkant spennande, ja.

Og spennande blei det, Solid kjempa på, og kom bredt i angrep fleire gonger, flinke til å kome på gode løp på midten, og hadde oppspelspunkt på kantane. Vi hadde til tider mykje å gjera i forsvaret idag. 3-1 blei til 3-2, og Solid augna eit lite håp om poeng, men heldigvis fekk vi punktert kampen med noko vi var gode på, Simon fekk ein flott pasning igjen i bakrommet og putta elegant forbi keeper, og vi ledet 4-2.

Hans Fredrik Zimmer var og særs nøygd med Simon idag, noko som blei stadfesta då han «pussa» skoa hans då 3-1 målet var i boks.
Det var flere solide duellar og Vegard Ripel tok en tur i bakken etter en kollisjon med Tobias. Vi fekk sendt ballen ut på sidelinja for å få stoppa spelet. Solid viste Fairplay, og då dommar sette i gong spelet att, sendte dei ballen tilbake, noko som vart applaudert fra våre spelarar som seg hør og bør:)

Vi har denne sessongen spelt gode kampar, og fått til, til tider veldig flott spel. Det er klart at vi og vil ha kampar vi underpresterar litt med banespelet. Men tross alt så vinn vi 4-2 mot eit godt Solidlag, og det skal vi ta med oss. Vi vart bevisstgjorde at fotball er kollektivt, og når vi ikkje får rørsla til å flyte, stopper det litt opp.

Takk til ein veldig god dommar, bestemt og myndig, det likar vi.

Målskorar: Simon Korttila 4
Assist: Håvard Furdal 2, Sondre Eskeland 2

Gule kort: Ingen

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, johannes Guddal,Kurt Raymond Jegteberg,Tobias Frislev,Alexander Fredheim,Håvard Furdal,Sondre Eskeland,Vegar Bauge,Hans Fredrik Zimmer,Henrik Bauge og Simon Kortilla
Innbytarar:
Hermund Døssland,Vegard Ripel,Eirik Fausk,Jakop Tveit og Mats Olsen.

Raymond Olsen
Trener G16