6. serierunde for G 16
Heimekamp mot Odda 2 på Rosendal stadion 12 juni, kampstart kl. 20.00. Odda stilte med eit godt lag denne kvelden, med fleire spelarar frå 1. laget. Odda var gode, og det elles så gode gutelaget til Rosendal hadde trøbbel og låg under 2-5 til det stod att 20 minutt av kampen. Då vart vi vitne til nokre magiske augneblink på Stadion.
Rosendal byrja kampen med høgt press og fekk tidleg 2 annullerte skåringar grunna offside, og det var i grunnen ikkje så mykje å seie på det. Odda pressa på og var farlege på kantane, dei kom seg fleire gonger forbi backane våre, og kom både til innlegg og avslutningar direkte frå kant. Vegard Ripel som alltid er god i kamp, hadde ei svært vanskeleg oppgåve denne kvelden, på grunn av dei gode vingane til Odda. Odda fekk første godkjende målet etter eit godt langskot. Vi jobba hardt utpå banen i dag, men det ville seg ikkje heilt og tempoet var ikkje til å skryte av.
Til pause stod det 1-2 til Odda, målet til Rosendal skåra av Simon Korttila. Vi hadde fokus i pausen på å ikkje stresse og byrje slå lange pasningar i bakrom, men heller få til spel på midten og kome breiare i angrep med fleire oppspelspunkt. Odda held fram med presset i 2. omgong, det vil seie at spelemessig var vi ganske gjevne, men Odda var effektive og fekk også ein straffe då Eivind Bjørnebøle felte motspelar innafor 16 meteren ( til store protester frå Eivind, då han meinte han var først på ballen).Odda leia heile 2-5 då det stod att ca. 20 minutt av kampen, så skjer det noko der ute……..
Rosendal skrur opp tempoet og skjønar alvoret. Rørsla rundt ballførar får god flyt, og vi skårar heile 6 mål på rundt 15 minutt. Oddalaget er i sjokk, og det forstår eg godt. Det vi var vitne til denne kvelden seier mykje om haldningane til G16 laget til Rosendal, og kva evne dei har som spelarar. Make til innsats de siste minuttane har vel neppe skjedd på stadion, og våre trufaste tilskodarar fekk ei oppleving for livetJ Då dommaren bles av kampen, stod det heile 8-5 til Rosendal.
Sondre Eskeland var god i dag med fleire assistar og skal ha en del av æra for at tempoet vart skrudd opp på slutten. Simon er i form for tida og var støtt ein trussel for Oddaforsvaret, og skapte svært mange sjansar. Han skåra heile 6 mål denne kampen.
Hermund Døssland hadde også ein god kamp i dag, med fleire gode raid på venstresida, flott detalj då Alexander Fredheim dobla på kant og fekk pasning signert Hermund.
Stopparane våre med Kurt Raymond og Tobias Frislev hadde fleire gode involveringar. Tobias med fleire flotte driv framover, flotte initiativ som skapar overtalspel, det likar viJ.
Odda var gode på midten og Håvard Furdal hadde en hektisk dag på ”jobb”. Vi er glade for at vi har ein så god deffansiv midtbanespelar som ikkje er redd for en duell eller to, og det var mange av dei i denne kampen.
Hans Fredrik hadde eit flott langskot som gjekk i mål. Han spelte i ein litt uvanleg rolle i dag, starta som midtspiss. Henrik og Vegard Bauge starta på sentral midtbane og var med å bidrog til en rekke sjansar framover.
Ulikskapen på gode og mindre gode lag ligg mykje i evna til å halde tempoet i spelet oppe. Nettopp dette fekk vi oppleva denne kvelden. Då Rosendal skrudde opp tempoet, klarte ikkje Odda å hengje med(6 mål på 15 min). Då tempoet i spelet var lågt kunne Odda spele på lik linje med Rosendal, og til og med føre kampen.
Takk for ein svært spennande kamp, gutar!!!!
No ventar seriefinale på komande laurdag mot Trio(bortekamp), kampstart kl. 13.00. Reknar med at dei som såg kampen mot Odda og tek turen til HusnesJ. Vel møtt!!!
NB! Når vi brukar grasbanen er det viktig at vi samlar oss på rekke og tråkkar banen etter kamp. Dette ”gløymde” vi å gjera, og der må vi skjerpe oss!
Målskårarar: Simon Korttila 6, Sondre Eskeland 1, Hans Fredrik Zimmer 1
Assistar: grunna tempoet dei siste minuttane var det ikkje mogeleg å halda styr på assistarJ, beklagar med dykkar eigen feilJ
Dommar: Svein Arild Kjærland
Gule kort: Eivind Bjørnebøle og eit til ein Odda spelar etter litt røft spel i duell med Johannes Guddal.
Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, Vegard Ripel, Johannes Guddal(kaptein), Kurt Raymond Jegteberg, Tobias Frislev, Håvard Furdal, Hermund Døssland, Hans Fredrik Zimmer, Simon Korttila, Vegar Bauge, Henrik Bauge.
Innbytarar:
Sondre Eskeland, Alexander Fredheim, Jakop Tveit, Eirik Fausk og Mats Olsen