8 medaljar til Rosendal i KM 11-14
I helga vart det avvikla Kretsmeisterskap i friidrett for klasse 11-14 år. Stemnet gjekk på Fana Stadion i rikeleg med regn og til dels sterk motvind på kortdistansane. Rosendal Turnlag stilte med tre deltakarar og samla tok dei med 8 medaljar heim til Rosendal. Kjempe innsats og fleire personlege rekordar trass i dei vanskelege tilhøva.
Nikolai Ulvesæter (G14) debuterte i KM samanhang og kasta for første gong 4 kg kule. Resultatet vart bronsemedalje med gode 10,99m. Han vart nr. 4 ( 4 cm frå bronse) i diskos med eit lengstekast på 30,76. Han deltok og i 60m og vart nr.8.
![]() |
Tre stolte karar etter kjempeinnsats i KM |
Sondre Eskeland (G13) sikra gullet i diskos med eit kast på 31,60 (ny pers). I kule vart det sølvmedalje med 9,96 og i sin første tresteg konkurranse nokosinne tok han sølvmedalje med eit kjempehopp på 10,78. Eit godt gjennomført løp på 60 m på 8,92 i motvinden sikra 5. plass blant spesialsprinterane.
Anders Bennæs (G12) deltok også i sin første tresteg konkurranse. Etter fleire gode hopp sikra han i siste omgang gullet med eit kjempehopp på 9,79m. I diskos vart det sølvmedalje med eit kast på 21,99 (ny pers) og 2 bronsemedaljar kom i hhv høgde (1,30) og på 600 m på 1.49,51(ny pers). Vidare vart Anders nr. 5 i lende (4,30) og nr. 6 på 60m med 9,51. Alt i alt ein svært godt gjennomført konkurranse frå alle tre der den største overraskinga nok var Sond re og Anders sine resultat i tresteg som begge tilsvarar 1.000 poeng på Tyrvingtabellen.
Elles stor takk til Rosendalspatriot Trond Viland, som stilte leilegheit til rådvelde for heile delegasjonen.
Kjersti U Bennæs
Friidrettsgruppa