8 nye mål på plass
I dag møtte 20 personar opp for å skru i saman nye sjuar og femmar mål. No har vi i alt 8 mål med skikkelege hjul på.
Dette vert ein enklare kvardag for både trenarar og spelarar. No kan ein flytte eit mål aleina enten ein er vaksen eller ung. Vi takkar alle som var med på dugnad idag samt to eldsjeler som møtte på dugnaden som var på onsdag. Godt jobba!