Ei lita oppsummering frå Norway Cup

Gull-laget Norway cup 2015 (vinnar av B- sluttspel J13). Framme frå v: Ina T. Sandvik, Lene O. Furdal, Sigrid Øyre, Ida Marie K. Eidsvik. Bak frå venstre: Eli Omvik, Marte Bøyum, May Beate H. Brakstad, Thea S. Taranger, Annika Øye Guddal, Hanna Tvilde og trenar Yngve A. Guddal.

Gull-laget Norway cup 2015 (vinnar av B- sluttspel J13).
Framme frå v: Ina T. Sandvik, Lene O. Furdal, Sigrid Øyre, Ida Marie K. Eidsvik.
Bak frå venstre:
Eli Omvik, Marte Bøyum, May Beate H. Brakstad, Thea S. Taranger, Annika Øye Guddal, Hanna Tvilde og trenar Yngve A. Guddal.

Då var Norway cup – eventyret slutt for oss for denna gongen. Ein utruleg flott innsats av alle lag. Eit gull og eit sølv på 8 lag talar for seg sjølv. Vi vil takka alle spelarane for ein fantastisk innsats og eksemplarisk oppførsel på og utanfor banen. Alle som ein er eit godt forbilde på lagånd og samhald, flott levert folkens!!

Takkar og alle som har bidrege med liveoppdateringar, utan dåke hadde dei heima hatt ei kjedelig veka.

Ein stor takk går og til trenarar, lagleiarar, søsken, føresette og besteforeldre som har bidrege gjennom heile veka, både på skule, banen og som tilskodarar.

Takkar bussjåførane våre som har stått på frå tidleg morgon til seine kvelden for å skyssa våre håpefulle rundt om på dei ulike banane og til og frå austlandet.

Til slutt takkar vi Kvinnherad Elektro for sponsing av liveoppdateringane og gåvekort.

Torgeir Fosse, ved Kvinnherad Lensmannsdistrikt, har trekt ut vinnaren som vart: Gina Eriksen Albrethson. Vi gratulerar 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

ten + 20 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.