A-laget i scoringsform
A-laget spelte i ettermiddag heimekamp mot Vadmyra 2. Etter ca 20 spelte minutt kunne spelande trenar, lars Johan, notera si fyrste scoring i kampen. Han nøya seg ikkje med det og 6 minutt seinare noterte han sin andre. Like før pause satte Vadmyra 2 inn reduseringa, og kampen enda 2-1 til pause.
Yngve Enes spelte ein solid kamp på midtbanen.
Etter ein fyrste omgang med litt lite driv framover, kom det seg betrakteleg i andre omgang. Heimelaget fossa i angrep straks sjansen baud seg, og scora heile 5 mål i denne omgangen. Vadmyra 2 fekk seg eit trøystemål på slutten, og stillinga enda 7-2 til Rosendal.
Ein god kamp som Rosendal hadde full kontroll på frå start til slutt.
No ligg Rosendal på 2. plass i divisjonen, 9 poeng bak Lysekloster, og lik poengsum med Eidsvåg og Søre Neset.
Det gjenstår ein bortekamp før ferien, etter ferien er fyrste heimekamp 6. august, vi satsar på mange mål i vår favør då og!
Målscorarar:
Lars Johan Myklebust 2, Sindre Iversen 2, Sindre Omvik, Eirik Myklebust og Yngve Enes.