A-laget tapte 8-0 borte mot Åsane 2

Rosendal/Uskedal vart for svake mot Åsane 2.


Diverre vart det stortap i Bergen i går. Rosendal/Uskedal stilte med svekka mannskap grunna sjukdom og skadar. I tillegg var det nokre spelarar som ikkje kunne stilla grunna andre sysler. Dermed vart det duka for eit oppgjer der bortelaget var svakare enn normalt. Åsane overkøyrde bortelaget og vann til slutt 8-0. Neste kamp til Rosendal/Uskedal er borteoppgjeret mot Vestsiden/Askøy neste laurdag, vi får håpa og tru at trenden snur og at Jan Evald får med seg fullt mannskap til den kampen.