Aktivitetsleiarkurs

Rosendal T.L. er tildelt aktivitetsleiarkurs, dersom det melder seg nok folk (10 stk). Kurset er open for alle frå heile Kvinnherad, og andre kommunar. Kurset vert i Rosendal Samfunnhus tysdag 13. januar, samt laurdag og sundag 17. og 18. januar.


Målgruppe

  • Alle som skal jobbe med barnefotball
  • Kurset passar meget bra for foreldre som ønsker litt kunnskap og idear om korleis dei skal leia fotballaktiviteten for borna
  • Kurset krev ingen forkunnskapar
  • Kurset er også første trinn i «Trener 1 utdannelsen»

Innhald

  • Korleis skape eit triveleg og godt miljø i barnefotballen
  • Litt om borna sin utvikling og forutsetningar
  • Korleis organisera treningsaktiviteten, kva øvelsar kan brukast og korleis kan vi byggje opp ei treningsøkt

Vi bestemmer klokkeslett når vi ser antal påmelde, i samråd med deltakarane.

Kurset er gratis for alle.