Arbeidsbeskrivelse trenar

Arbeidsbeskrivelse for trenarar 

Arbeidsbeskrivelsen er meint som rettleiande og hjelp til trenarvervet. 


Organisatorisk

Trenar har ein person i styret som kontaktperson.

Fylgjande oppgåver gjeld hovedtrenar og hjelpetrenar.

Sportsleg ansvarleg for laget.
Hovedtrenar har ansvar for å ta ut lag og leia laget i alle kampar.
Planleggja og leia treningane.
Ansvar for utstyr før, under og etter trening.
Ansvar for å skriva årsmelding i lag med lagleiar. Føra statistikk.
Passa på at garderobe vert rydda etter trening og kamp. Skal og rydda garderobe på bortekampar.


Klubben sin forventning til trenaren

Fylgja klubben sin sportsplan .
Delta på trenar / lagleiar møte.
Møta førebudd og i god tid til trening.
Skal ikkje nyta tobakk, snus eller alkohol i samband med trenarrolla.
Vera eit førebilde og bruka sunn fornuft. Eksempelet si makt er stor.


Trening / kamp

Vera positiv. Ros er bedre enn ris. Godt humør er viktig!
Oppmuntra, motivera og rettleia spelarane.
Ha stor aktivitet på treningane.
Vera bestemt og rettferdig.


Klubben

Organisera møte i sesongen.
Gje tilbud om kurs og impuls samlingar.
Trenar skal ikkje betale på reiser til trenings- og seriekampar.