Årets dårlegaste kamp av gutelaget

Laurdag reiste gutelaget til Tysnes for å møte Njardar/Tysnes. Vi hadde få spelarar tilgjengelige både Eirik, Nikolai og Johannes G. var blant dei utilgjengelege. Det resulterte i at vi fekk låna ein del smågutelagspelarar, til tross for at dei skulle møte Njardar/Tysnes rett etter kampen vår var slutt. Takk til smågutelaget! Kampen vart spela på ein våt og glatt grasbane, og vi sleit til tider med å halde oss på beina. Kampen enda 3-0.


Dommaren var etter vår meining ikkje den beste, men det skuldast nok at heimelaget ikkje tenkte på dommar før 5 minutt før kampstart og måtte hente inn ein nabo.

I den fyrste omgangen er vi hakket betre enn heimelaget. Sondre headar i tverligger etter corner frå Njål, Simon har også nokon soloraid som diverre ikkje gjev oss scoring. Vi går til pause i god tru om at vi skal avgjer kampen til vår fordel i andre omgang. Vi blir einige om å prøve og halde tempoet oppe, grunna heimelaget hadde bare 11 spelarar.

Kva som skjer i andre omgang er ikkje godt og seia. Allereie eit minutt ut i omgangen scorar Njardar, etter at 3 spelarar i forsvaret bommer på ballen. Njardar får og ein billeg straffe då ballen sprett i handa til Kurt Raymond, handa er ikkje aktiv og er i ein normal posisjon. Dei set heldigvis ballen utanfor. Etter dette går det ikkje mange minuttane før heimelaget scorar sitt andre mål, grunna dårleg jobbing hos oss. No er moralen dårleg i laget, det verker som vi misser trua. Likevel skaper vi ein god sjanse då Jonas mottek ballen frå Sondre inne i sekstenmeteren, frå spiss vinkel avsluttar Jonas like over det lengste krysset. Vi satsar offensivt, og vi kan diverre ikkje forhindre at Njardar kontrar inn 3-0.

Det som skjer i andre omgang er dårleg, vi jobbar ikkje som eit lag. Spissane blir for stasjonære, midtbanen jobbar ikkje godt nok og forsvaret verkar utilpass med det våte underlaget.

Dette er ein kamp vi må gløyme raskast mogleg. Vi har fortsatt sjanse til å vinne pulja vår.
Som sagt tidligare, ein stor takk til smågutelaget som låner oss spelarar.

Vi stilte med fylgjande lag:
Eivind Bjørnebøle (god kamp av keeperdebutanten) – Kurt Raymond – Stian – Joakim – Hermund – Njål – Jonas – Håvard – Hans Fredrik – Sondre – Simon

Innbytarar:
Johannes T.
Marius Myklebust.
Ubenytta reserve: Cato Miljeteig.