Årets fyrste bortekamp for G11 gutane

Vi reiste med heile mannskapet på 14 spelarar til Solnut for årets fyrste bortekamp torsdag ettermiddag. Gutane var i kampmodus lenge før kampen starta, men då kampen starta var dei ikkje heilt med på notane.


Solnut hadde litt fråfall av spelarar, men dei åtte dei hadde var det kvalitet på. Ganske kjapt gjekk dei opp i ein 2-0 leiing som då var heilt fortent. Rosendalsgutane var ikkje heilt vakna og då vert det baklengs. Heldigvis tiok spelarane seg sjølve litt i nakken og kom på fleire gode sjansar. Endeleg kom reduseringa og vi kunne gå til pause kun eit mål bak.

Andre omgong starta betre. Vi hadde ballen mykje, men kom ikkje heilt til dei store avslutningane. Solnut var og frampå eitpar gonger, utan at det førte til noko. Mot slutten slapp dei likevel til og vi låg under 3-1. Rosendal gav aldri opp og spelte til tider god fotball. I sluttminuttet klarte vi endeleg å få ei redusering. Dermed enda kampen 3-2 til Solnut.

Desse var med:
Torbjørn Haugland Nes, Ola Hunstad, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Øystein Enes, Espen Andre Jonassen, Jonathan Eskeland, Tord Guddal, Torstein Kristiansen Olsen, Tore Eriksen, Johannes Hellesøy, Sebastian Tufta Kirknes og Marcus Hylland Såtendal.