Årsbeste trass tap i Odda

3-4 vart feira som seier. Lillegutane jobba skikkeleg godt mot eit sterkt Oddalag. Vi låg under 0-2 før vi utlikna til 2-2, noko som vart pauseresultatet. Odda gjekk enno ein gong opp i leilinga, men gutane stod på og ordna balanse i rekneskapen.


Med sin andre straffe for dagen, berre eit minutt før slutt, berga Oddingane ein knepen seier. Stemningen i laget var stor og kampsongane runga på sidelinja mot slutten. Eg høyrde bland anna «No er det stille i fjøset». Bilda er frå sidelinja i sluttminutta og av tre glade målscorarar. For fjorten dagar sidan vart det tap 1-4 mot Trio Sunde på Kvednabekken. Allereide torsdag 4.september vert det ny kamp, denne gongen ein utsett kamp heime mot Solnut kl.1830. Møt opp og hei.

 Dei tre målskorarane Spanande innspurt 

Klikk på bileta for større versjon.