Asbjørn 70 år

I dag, 4.april, fyller æresmedlem, Asbjørn Soltveit 70 år. Asbjørn har gjort omtrent det som er mogeleg å gjere innan Rosendal Turnlag. Han har vore spelar, trenar, leiar, dugnadsleiar og gjort ein uvurderleg innsats for laget. Det er mest ikkje råd å rekne opp alt det han har betydd for oss. Han var den som var med og la grunnlaget for jentefotballen i laget og i periodar trente han fleire lag. Var det noko som skulle gjerast på dugnad sa han aldri nei.


Det beste eksempelet på det er vel kunstgrasbana. Utan Asbjørn hadde vi slite med å få det til.  Men han la opp eit løp og hadde kontroll både på økonomi og dugnad og sørgde for at arbeidet gjekk framover . Var det noko som stoppa opp har han evna til å skjera gjennom og få ting gjort.

Han har også stor innsikt i kommunalt arbeid etter tida som medlem i kommunestyret.  Slik er han også ein ressursperson.

Asbjørn har også hatt styreverv  i Sunnhordland og Hordaland fotballkrets.

Vi gratulerer  mykje med dagen og håper at du framleis får mange gode dagar saman med Liv, barn og barnebarn.