Avslutning for minilaga vert laurdag 20.10, kl. 12.00-14.00

Det vert ein litt anna avslutning for minilaga denne hausten enn det som har vert tidlegare. I stadenfor å ha det i Samfunnshuset, vert det laga til ein liten cup ute. Dei ulike minilaga får kvar sin bane, og dei vert delt inn i fleire lag som spelar mot kvarandre. T.d vert 2003-gutar delt inn i 3 lag som spelar mot kvarandre.


Dersom dei ulike aldersstega ynskjer å spela mot kvarandre, må trenarane avtale dette seg i mellom.

Etter at ein har spela kampane, vert det servert pølser og juice, og det vert utdeling av pokal.

Kvart av minilaga må sjølve skaffa føresette som hjelper til. Det trengs to føresette frå kvart lag som lager til banen kl. 11.30, to føresette som er med å rydder opp etterpå, og ein som er med å trekker pølser, delar ut mat og pokaler.