Banen er grøn att

Det nye brøyteskjæret som Rosendal Turnlag har kjøpt inn og bygd om, fungerar utruleg bra. Torsdag vart den testa for første gang, og resultatet vart veldig bra. Så no kan vi få gode treningstilhøve, sjølv om det kjem meir snø i vinter. Bilete er teke ca. ein halvtime etter brøyting.