Baroniløpet – ein suksess!

Rosendal Turnlag arrangerte søndag 18.april Baroniløpet rundt Rosendal Avlsgard som er fyrste arrangementet i laget sitt 120-års jubileum. Løpet bada i sommerver med 18 grader og skyfri himmel. Det gav arrangementet ei ekstra god ramme. Totalt deltok 68 utøvarar frå den yngste på 2,5 år til eldstemann på 17 år. 

G-13 og 14 år klar til start 
Grunna langvarige koronarestriksjonar vart årets Baroniløp varmt motteke. Endeleg fekk utøvarane lov til å konkurrera mot seg sjølve, og mot andre – og alle fekk premie.

Rosendal Turnlag rettar ein stor takk til alle som deltok, både lokale og tilreisande. Ei serleg takk til lydmann Torbjørn Storegjerde, speaker Gunnar Våge, løype- og arenasjef Torkjell Nerhus, løypeutbetrar Åsmund Mehl, og sjølvsagt alle funksjonærane. Elles stor takk til Baroniet Rosendal som årleg og velvillig låner ut området rundt Avlsgarden og baroniparken til vårt tradisjonsrike og fartsfylte park og terrengløp.
Ein stor takk til alle for denne gong og velkommen tilbake til Baroniløpet 2022, alle som ein.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

two × 2 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.