BAroniløpet lørdag 22. april

I fjor gjenoppstod det tradisjonsrike Baroniløpet i Rosendal etter 21 års fråvær. I år går løpet av stabelen for andre året på rad lørdag 22. april som det fyrste i Kvinnheradkarusellen i terrengløp, sjå lenkje http://uskedalil.no/?page_id=807

Som i fjor vil løpet gå på grusveg, terreng og stiar, i løps, familie og publikumsvenlege løyper rundt Rosendal Avlsgard, med distansar frå ca 270 m til 2,5 km. Dei gode naboane & samarbeidspartnarane Omvikdalen IL & Rosendal Turnlag står også i år f or arrangementet, og ynskjer hjarteleg velkomen til både deltakarar og publikum. Arrangementstart kl 13.00.

Trykk for påmeldingslenkje her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScSI32A4JYMoD95nQF23h8zFpBtl4FiEzDQtyVMwRiY_TGhbA/viewform?c=0&w=1

Vi ber innstendig om at de melder dykk på arrangementet før kl 18.00 fredag 21. april! 

For å kunna avvikla arrangementet så treng vi dugnadsfolk, og vi håpar nokon av dykk kan vera med som løypevakter, nummerlesarar & utdelarar, saftutdelarar, tidtakarar, osv.

Ber om at de snarast råd gjev tilbakemelding/beskjed til underteikna om du/de kan vera med å bidra.

På førehand mange takk for velvilje, og god påske til alle.

mvh 

Jostein Hatteberg, leiar 

Rosendal Turnlag 

tel 489 94 213