Bittert 3-4 tap for A-laget

A-laget tapte 3-4 mot Fusa heime på graset i dag. Det såg lenge lyst ut etter at Tommy Røssland satte inn sitt tredje for dagen og ordna 3-2 til Rosendal. Men det skulle ikkje bli siger i kveld heller.


Då det var rundt 20 minutt att, fekk Fusa straffe etter ei felling. Dei scora sikkert og det stod 3-3. Rosendal fekk ei stund seinare ei utvisning av Jan Evald Såtendal, og Fusa gjekk opp til 3-4 leiing, som og vart sluttresultatet. Synd for Rosendal som spelte ein god kamp.