Bli med og form morgondagens Rosendal Turnlag
Rosendal Turnlag er eit over 115 år gamalt, tradisjonsrikt, allsidig, fleiraktivitetsidrettslag, med stor aktivitet, flotte idrettsungdomar, betydleg medlemsmasse, og mange fine idrettsprestasjonar. Men, vi manglar ei felles plattform, filosofi og forståing – om kva vi vil med laget, kor vi skal, og korleis lag og grupper skal utviklast og drivast i framtida. Hovudstyret har i ei viss tid arbeidd med ein sportsplan, og no ynskjer vi dykk som medlemer med i den vidare utviklingsprosessen.
Til å hjelpa oss med «å finna den raude tråden», kjem utflytta valebu, kvinnhering og tidlegare Vålerenga-spelar, Håvard Steinar Lunde, på besøk lørdag 21. januar for å halda føredrag/arbeidsmøte om nettopp dette.
Vi inviterer herved alle interesserte medlemer, foreldre, styremedlemer, gruppeleiarar, lagleiarar, trenarar og andre med hjarta for Rosendal Turnlag, om å møta opp, lytta og bidra.
KOM og bli med og form framtidas Rosendal Turnlag!
Møtet blir lørdag 21. januar kl 11.00 i RauaLøo.
Hjarteleg velkomen til alle.

Lenkje til føredrag Håvard S. Lunde hadde i 2016 med IL Trio; http://www.kvinnheringen.no/video/trio/fotball/klar-tale-fra-vif-havard/v/5-27-33667
med venleg helsing
Hovudstyret i Rosendal Turnlag
Jostein Hatteberg, leiar
tel 489 94 213
ePost: rosendal@folgefonn.net