Bli med på Fjelltrimmen

Endeleg er det er klart for ny sesong med klippeturar i fjellheimen kring Rosendal. I år er det 42. gong fjelltrimmen vert arrangert.

For å fullføra må ein vitja Skålafjell (501 m), Malmangernuten (890 m), Nordlifjell (972) m), Skeisfjell (1038 m) og Melderskin (1426 m), skriva namnet i vardebøkene, klippa i kortet og levera det innan 1. november.

Turane passar nær sagt for alle aldrar. I tillegg til den fantastiske naturen, kan ein sjå dei imponerande sherpatrappene på Melderskin frå 2015, dei på Malmangernuten frå 2016 og dei på Skålafjell frå 2018.

Fjelltrimkort er i sal hjå Rosendal Sport. Korta skal leverast inn same stad, eller til fjelltrimansvarleg Laila Hovland.

Velkomen til fjelltrim, og god tur!

Helsing Turgruppa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

12 + 8 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.