Bortekamp småjenter 97/98 mot Moster

Då var første bortekamp unnagjort. Dessverre vart det med tap 3-5. Ut i frå spel og sjansar burde vi klart uavgjort, men kreftene strakk ikkje heilt til denne gong.

I starten av første omgang var vi dårleg samspelt og det var berre ei god Thea i mål som holdt oss inne i kampen. Moster pressa sterkt og var åleine med keeper fleire gonger på kort tid. Etter kvart kom vi meir med i spelet og like før pause gjekk vi opp i 1-0 leiing. Straks etter pause auka vi til 2-0 etter nydleg spel langs venstresida. Endeleg satt det spelet som jentene viser på trening og i kamp. Så såg det ut som om vi trudde at kampen var ferdig og i løpet av 15 minutter fekk Moster scora 5 gonger på oss. Sjølv om vi etter dette kom sterkt tilbake, klarte vi ikkje å redusere meir enn ein gong. Alle våre mål vart scora av Julie.

Sjølv om det vart tap så er det ikkje noko å sei på innsatsen til jentene. Fortset det slik lover det bra for neste kamp.

Frode

Småjenter mot Moster

Trøtte spelare etter kamp!