Bortesiger mot Harding
Rosendal sitt G11 lag reiste torsdag ettermiddag til Harding for årets andre bortekamp. Det var duka for ein varm og hard kamp for gutane.
Vi starta med friskt mot og spelte oss fram til eindel gode sjansar utan utteljing. Harding hadde og sine angrep med nokre forsøk mot målet vårt. Men det var rosendalsgutane som banka inn det fyrste målet, signert Tord Guddal etter glitrande lagspel frå eige forsvar. Nokre minutt seinare kom Harding til avslutning og utlikna.
Tross varmen gav ikkje gutane opp, og ei lita stund etterpå sette Jonatan Eskeland inn 2-1 leiinga som stod seg til pause.
Etter pause fekk vi sola i ryggen og vi spelte oss fram til fleire sjansar. 4 cornerar på rad gav oss nesten mål. Corneren etter det ordna like godt Jonathan sjølv med å klinka ballen i mål frå cornermerket, kjempeprestasjon.
Gutane er fullt klar over at kampane ikkje er ferdige før dommaren har blåst av, med Trio kampen friskt i minnet. Likevel slapp Harding til etter mykje klabb og babb framføre målvakta vår, Ola Hundstad. Denne klabb og babben enda med eit godt skot frå ein hardinggut og det vart ny spenning i kampen på stillinga 2-3 ti minutt før slutt.
Spenninga varte ikkje lenge, Tord Guddal putta to på slutten og fastsatte resultatet til ein flott 5-2 siger til rosendalsgutane.
Vi har no fått eit lag der forsvarsspelarane viser at dei er forsvarsspelarar, kontante i taklingane og sterke i duellar.
Midtbanespelarane våre byr opp til flott pasningsspel, veggspel og individuelle ferdighetar, og serverar spissane våre med gode framspel.
Spissane trør til på løp og jobbar i tillegg godt som fyrsteforsvararar.
Godt jobba alle mann!!
Neste kamp er torsdag 31.05 klokka 17:15, heime mot eit godt 2002 lag frå Trio. Vi satsar på at innsats kombinert med gode duellar og godt spel, vil gjera dette til ein spanande kamp.
Vel møtt skal du vera.
Desse var med:
Ola Hunstad, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Øystein Enes, Espen Andre Jonassen, Jonathan Eskeland, Tord Guddal, Torstein Kristiansen Olsen, Johannes Hellesøy og Marcus Hylland Såtendal.