Bortesiger mot Trio

I flunkande nye drakter sponsa av Hellesøy Verft vitja G11 Trio på Kvednabekkjen torsdag ettermiddag. Heimekampen i vår enda 4-4 etter to kjappe mål for Trio i sluttminuttane. Dette var gutane innstilt på at ikkje skulle skje igjen. Vi opna godt, men klart ikkje setta sjansane i byrjinga.


Litt ute i omgongen vart det endeleg mål etter at gutane hadde god kontroll på banen. Tord fyrte av eit langskot som ei god målvakt på Trio måtte sjå gå i mål. Ei lita stund etterpå satte Marcus inn mål nummer to og vi gjekk til pause med 2-0 leiing.

Andre omgong hadde ikkje vart så lenge før Sebastian la på til 3-0 og det såg ut til at dette skulle gå vegen. Trio visste at håpet ikkje var ute sjølv med å ligge under med tre mål, og ikkje lenge etter reduserte dei til 3-1. Tankane frå vårkampen byrja bre seg både på banen og på sidelinja, men gutane stod på og viste mykje godt spel.

Vi hadde mange sjansar til å punktere kamepen, med blant anna eitpar stolpeskot, men ballen skulle ikkje i mål.

Når det gjensto to minutt kjempa Trio seg til eit mål nummer to, og det var nerver i kampen att. Denne gongen klarte heldigvis gutane å stå i mot og vi vann fortent 3-2.

Til å vera fyrste kamp i haustsesongen gjorde gutane ein kanonkamp. Det er tydeleg å sjå at gutane har spelt fotball i sommar, så «KUNSTEN» er gull verdt for rosendalslaga.

Neste kamp er torsdag 30. august kl. 18:30 heime mot Solnut. Solnut er det einaste laget gutane har tapt mot så her er det revansjelystne gutar som kjem til å gje alt! Velkomne på kamp!

Desse var med (mål i parantes):
Ola Hunstad, Torbjørn Haugland Nes, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Espen Andre Jonassen, Jonatan Eskeland, Tord Guddal (1), Torstein Kristiansen Olsen, Sebastian Tufta Kirknes (1) og Marcus Hylland Såtendal (1).