Bos på kunstgrasbanen
Kunstgrasbanen er ein ynda plass for aktivitet både på dagtid og kveldstid. Men diverre vert det eindele bos som vert liggjande både på og utanfor banen.
Vi vil oppmoa alle som brukar banen om å hiva boset sitt i bosspannet som står tett ved banen. Alle trenarar og lagleiarar vert og oppmoa om å sjå til at dette vert gjort i treningstidene. Ein minigut sa igår på treninga då han fann bos på banen, «kva gjer dette boset her», og underteikna kunne ikkje sagt det betre sjølv. Så folkens la oss ta vare på den flotte banen – Hiv boset i bosspannet!
PS! Dette gjeld sjølvsagt andre stader ein ferdast og!