Cupeventyret er over
Alle laga til Rosendal er no ute av Norway Cup. Vi hadde fire lag i 8-dels finalar i dag, der samtlege tapte sine kampar.
Knut Førland som er Rosendal TL sin hovudleiar i Norway Cup ønskjer Trio sitt jentelag lykke til i semifinalen i kveld. Han oppmodar alle frå Rosendal om å møta opp og heia på Triojentene. Han fortel vidare at Rosendalstroppen no slappar av i Oslo i det flotte sommerværet, og mange er på veg til Tusenfryd. Stemninga er god til tross for at alle laga vart slått ut i dag. Med 4 lag i åttendelsfinalar har årets Norway Cup uansett vore blant dei aller beste for Rosendal.