Då er lyset på!
Då har kunstgrasbanen fått lys! Det vil no slå seg automatisk på ved skumringstid og slår seg av klokka 21:30.
Dette gjeld alle dagar unnateke laurdagar. Då vil det ikkje slå seg på automatisk. Dersom det skulle vera behov for lys om laurdagskvelden er det mogeleg å slå det på manuelt.
Så litt skryt frå Odda om kunstgrasbanen:
«Rosendal-Odda 2-5. Odda slo Rosendal greitt utan å toppa, i ein velspelt og god kamp på Hardangers (?) flottast plasserte bane.»