Då er NorwayCup-eventyret igang

Etter litt kluss med bussen på haukelifjellet, og med påfyljande skifte av buss, kom spelarane vel fram til middag på Ekeberg litt før åtte i kveld. Spelarane verka med godt mot og ser fram til tøffe kampar i morgon.


Jentelaget er fyrst ut i morgon. Allereie klokka 09:00 spelar dei mot Vålerenga. Gutar 13 føl opp med kamp mot Vålerenga dei og, klokka 10:00. Dei eldste gutane skal i ilden mot Bardufoss klokka 13:15.

Så sant teknikken, været og tida mellom kampane strekk til vil vi prøve å halde Dykk «live» oppdatert her på nettet.

Så det er berre å taste seg inn på sida her i morgon timane i morgon og få med seg spaninga frå Ekebergsletta!