Damelaget slo Bjarg 3-1 heime på stadion

I flott haustsol og ein grasbane som endelig har tørka litt opp, var damene klare for å revansjera eit surt 0-4 tap for Bjarg i vårsesongen. Allereie etter 11 minutt stod det 1-0 til Rosendal, Ingunn Uglehus leverer ballen vidare til ei ledig Inga Teigland Øye på høgre sida , ho legg eit supert innlegg til Tina Skår som knallar ballen i mår med pannebrasken. 


Rosendal dominerer spelet i denne delen av kampen og etter 18 minutt legg Lise C. Sætrevik ein av sine mange gode cornerar, den hamnar i beina til Inga Teigland Øye og ho sett den kontant i mål.

På midtbanen til Rosendal jobbar Gørill Samland Eik godt, med sin erfaring og ro i spelet er ho ein viktig spelar for Rosendal. Bjarg  må gjera eit grep og i slutten av fyrste omgang legg dei om til 2 spissar, som fører til at dei kjem meir med i kampen og rett før pause vert det redusering.  Dette var eit av få besøk Bjarg hadde på Rosendal sin banehalvdel i fyrste omgang, men mål vart det, etter eit godt skot frå ein Bjarg spelar.

Etter pausen svingar spelet, utan dei store sjansane verken til Rosendal eller Bjarg, men etter 80 minutt kjem Hildegunn Furdal aleine med keeperen og som den erfarne spelaren ho er plasserer ho den galant i mål. Det står 3-1 til Rosendalsdamene, eit resultat som og vart sluttresultatet og revansjen var eit faktum. 

Tre jenter fekk i løpet av kampen i dag sin debut på seniornivå. Thea Aronsen Helgesen, Anne Marthe Zimmer og Ingeborg Sundal Ljostveit. Alle tre gjorde ein god jobb og vi kjem nok til å sjå meir av desse tre jentene på a-lags nivå i framtida. Rosendalsdamene ligg no på delt 2. plass på tabellen. Det gjenstår to kampar av sesongen, bortekamp neste laurdag og siste kamp for sesongen vert heima helga etter.