Damelaget vann 1-0 borte
Rosendalsdamene reiste til bortekamp mot Frøya idag. 5 jentespelarar var med til denne kampen. Katrine debuterte i mål. Rosendal hadde mange både halv sjansar og hundreprosentsjansar. Men det måtte straffe til for at skoringa skulle komme.
Straffen kom etter hands, og Kristine Medhaug skora sikkert på Frøya målvakta. Rosendal spelte ein god kamp og var solide i forsvar. Det vart ikkje fleire mål, men 1-0 borte er godt nok og nye tre poeng vart sikra. Dermed er damene ubeseira til no i sesongen. Godt levert!