Desse skal ha jubileumsmerke under Kvinnheradløpet!


To personar kan i år fullføra Kvinnheradløpet for 40. gong. Det er Marit Hellesøy og løparkongen Åsmund Mehl. 12 personar kan sikra seg 30-årsmerke, medan 13 stykke kan sikta seg inn mot 20-årsmerket. Når det gjeld 10-årsmerket er lista lang. Kvinnheradløpet deler også ut 5-årsmerke, og ved å gå inn på Rosendal Turnlag si heimeside under Turgruppa kan du finna oversikt over dette.
Søndag 1. oktober går Kvinnheradløpet sin turklasse av stabelen for 41. gong. Start er på Rosendal stadion mellom klokka 10.00 og 12.00. Blant alle deltakarane trekkjer vi ut 10 gåvekort på 500 kroner hjå Rosendal Sport.
Løpsklassen kan i år feira 40 år. Vi vonar at det gjer fleire lystne på å verta med. I tillegg trekkjer vi eit gåvekort på 2.000 kroner blant dei som spring på tid. Det er også gåvekort på 500 kroner for dei tre raskaste damene og tre raskaste mennene. Start for løpsklassen med klasseinndeling er klokka 12.00.


Kan løyperekordhalder Sindre Solbakken Omvik frå Rosendal TL utfordre rekorden nok eingong?

Påmelding løpsklassen:
Fullt namn, årstall født og eventuelt klubb til Klikk her for påmelding

-> Eventuell påmelding ved start inntil 45 minutt før start.  
-> Spørsmål rundt løpsklassen kan rettast til Jonathan Byrkjenes mob. 908 65 722 eller mail jonathan@rosendal-turnlag.no

 

Vel møtt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 × 1 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.